«Folk Flest»
Country-og irskinspirert musikk:
«Folk Flest» spelar country og irsk inspirert musikk som blir framført på dei «rette instrumenta» for denne typen musikk: fele, banjo, mandolin, ståbass, steel-gitar, gitarar, trommer og sjølvsagt fleirstemt song.
Med sogn si eiga sangstjerne Einar Bolstad i «spissen» (m.a kjend for Sogn og Fjordane-sangen og Julesong- turneane), kan ein garantere både gåsehud, rockefot og høg allsangfaktor!!
Publikum får høyra både kjende og meir ukjende perler frå ulike tidepokar og sjangrar innan country og irsk musikk, ispedd norske perler.
Sangane er henta frå artistar som m.a:
The Dubliners, The Waterboys, Steve Earle, Johnny Cash, Dolly Parton, Staut, Hellbillies, irske trad.låtar og Avicii!!
Bandet hadde «premiere» våren 2016. Sidan då har bandet spela for stappfulle kulturhus, på festivalar og andre arrangement, og fått strålande tilbakemeldingar!
«Folk Flest»
Einar Bolstad: sang, akustisk gitar, piano
Renate Skophamar: sang
Mathilde Skjæret: fele, sang
Tor Magne Kvamsdal: mandolin, steel-gitar, elgitar
Lars Berge Pedersen: banjo, elgitar, akustisk gitar
Jan Frode Hellebø: bass
Arve Lomheim: trommer
OMTALE: