FLORØ    20. – 22. juni 2025

SILDEBORDET

Juni vert verdas lengste sildebord arrangert i Florø! Då dekker vi omlag 350 meter bord gjennom Strandgata. Her vert det servert fleire gode silderettar, og alle får ete seg mette. Gratis!

KINNASPELET

Kinnaspelet er fylkets eldste historiske spel. Det har klart kunsten å fornye seg og lokke til seg stadig nye tilskodarar ute på den magiske øya Kinn.

LAKSENS DAG

Laksens Dag er ein familiedag med mykje moro for liten og stor. I Strandgata kan ein oppleve konsertar, besøke oppdrettsbåtar, smake på mykje spanande mat, og så får borna vere med på kokkelering og konkurranser.

Florø by, Stolt og Kry.

Himmel og Hav-festivalen viser til fulle at dei orda unge Balder Belsvik skreiv, «Stolt og kry», skildrar Florø på ein treffande måte.

Den 20.-22. juni 2025 brakar det laust. Med Kinnaspelet, Sildebordet, Laksens Dag og Musikkfestival, så kjem det til å bli ein fargerik og sjarmerande festival med eit mylder av aktivitetar.

Feiring det har vi god greie på.